English

Fagrefjellet

Sykkylven

Kort om turen

Turen til Fagrefjellet går på grusbelagt sti og passer for dei fleste. Turen er trillevenlig. Frå toppen av Fagrefjellet er det flott utsikt over Sykkylven og vidare utover mot Ålesund og havet. Ein fin ettermiddagstur og nydeleg stad å sjå flotte solnedgangar.

Ruteskildring

Turen starter fra parkeringsplass. Det er ein ca 1 meter brei grusbelagt sti, som er anlagt i terrenget og går heile vegen opp til toppen på Fagrefjellet.

Tilkomst og parkering

I Sykkylven sentrum tek du av oppover mot Ramstaddalen. Etter eit par kilometer tek du av til høgre mot Haugset. Statnett har skilta vegen fram til trafostasjonen sin, så ein kan eigentlig berre følge Statnett sine skilt fram til eit toppunkt på vegen, der vegen går vidare ned til trafostasjonen. På toppunktet på vegen er det ein parkeringsplass på høgre side av vegen, og her startar stien opp til Fagrefjellet.
Fottur
Grønn
Lengde
0,76 km en vei
Stigning
75 m
Tidsbruk
35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
459 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,51
Køyreskildring
Print ut