English

Eventyrskogen på Lepsøya

Haram

Kort om turen

Eventyrskogen på Lepsøy er ei oppleving for både store og små. Her er mykje å utforske, så hugs å rekne god tid!

Ruteskildring

Gå eit lite stykke langs asfaltvegen til du kjem fram til grinda merka Eventyrskogen (oppom prestegarden). Pass på å late att grinda, det kan vere sauer på beite.Det går ikkje lang tid før du ser at dette blir ein tur utanom det vanlege, det dukkar opp ulike figurar både på bakkenivå og i trea. Etter rundt 400 meter må du passere eit gjerde. Det er sett opp ein stige til å klatre over. Etter 700 meter kan du ta til venstre og utforske «Hulderbo». Her heng klede og kjøkkenutstyr i trea, og om du ser godt etter kan du kanskje sjå ho som bur der også. Like etter kjem du til eit område der det er fint å raste. Her er fleire benkar, og om det er dårleg vêr kan ein søke ly i Eventyrhytta. Herfrå er det skilta til dei andre delane av Eventyrskogen, samt Sethsdemma. Turen i Eventyrskogen bør takast som ein rundtur. Frå rasteplassen går du opp til «Trollhula» der du kan ringe på hos trollfamilien. Følg stien vidare austover til Alveskogen og deretter Trollmyra. Her finn du mange heimelaga små steintroll. Alle er velkomne til å ta med eit troll og plassere langs råsa. Det er også i dette området ein finn den kjempestore Trollstolen. Vidare kjem du til eit utandørsbiblioteket der StikkUt - posten er, Trollhaugen, Bukkene Bruse-brua og Elvedalen. Her er det lagt til rette for å kunne tenne bål når det er sesong for det.

Ein kan også nytte 2 robåtar og ein grill og grillhytte ved Setsdemma om ein har lyst å nytte meir tid i området.

 https://www.facebook.com/groups/1417699048299071/

Tilkomst og parkering

Køyr over Lepsøybrua (bompengar) frå Skjelten og rett fram i rundkøyringa. På Lepøsya følgjer du Nedstevegen, og tek til venstre opp Jordmorbrauta og så til høgre på Lepsøyvegen fram til stor parkeringsplass ved gravstaden. 

Fottur
Grønn
Lengde
3,63 km rundtur
Stigning
134 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
127 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,7
Sti 1,9

Kart

Ålesund

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut