English

Eurekavatnet ved Helgehornsvatnet

Vanylven

Kort om turen

Eurekavatnet er eit lite vatn som ligg ved Helgehornsvatnet. Turen hit går på god grusveg med jamn stigning frå start. Siste biten frå Helgehornsvatnet og bort til Eurekavatnet går i terreng. Eurekavatnet og Helgehornsvatnet utmerkjer seg med den spesielle geologien som ein finn rundt vatna. 

Ruteskildring

Frå parkeringa kryssar du vegen og går opp langs bruddet. Her har vore utført noko arbeid, men det er godt merka gjennom bruddet. Følg traktorvegen som går vidare opp mot Helgehornsvatnet. Framme ved vatnet tek du til høgre før du følge merkinga og går ut i terrenget til venstre mot Eurekavatnet.  

Eurekavatnet er eit geologisk særsyn og ein attraksjon i verdsklasse for geologi interesserte. Namnet skal Eurekavatnet ha fått etter at geokjemiens far, professor Victor Moritz Goldschmidt (1888-1947). Han skal i rein glede over å sjå dei geologiske unike formasjonane som forklarte teoriane han hadde jobba med, kasta av seg kleda sine og hoppa i vatnet med eit høgt og rungande "Eureka".

Tilkomst og parkering

I krysset på Åheim tek du av mot Sunndal/Almklov. Etter 4 km kjem du til Gusdal og krysset mot Almklov, her fortset du rett fram. Gratis og god parkeringsplass ved rutestart.
Fottur
Grønn
Lengde
1,93 km en vei
Stigning
240 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
363 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut