Halvparten av løypa går i ope terreng med utsikt vestover mot Ellingsøy, Ålesund og øyane utanfor. I austre del har ein utsikt mot Ørskogfjellet og fjella innafor. Passerar gamle stølar og kan oppleve å sjå hjort, hare, rev, rype, ugle, orrfugl m.m. Engesetdal IL køyrer opp skiløypa.
Frå parkeringsplassen på Storsætra går løypa oppover i skogs ca. 650m til veidele. Ta til høgre og fortset vidare i opnare terreng. Ingen fleire vegkryss. Ein del lauvskog i midtdelen, men opnar seg og gjev god utsikt heilt fram til begge postane. Slak utforbakke mellom post ein og to.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Preparert med tråkkemaskin | 6 |