English

Eidssætra

Volda

Kort om turen

Eidssætra er ei av dei skjulte setrane som blir omtala i boka "Skulte perler i Sunnmørsalpane" (2022). Den har ein fin setrevoll og flott utsikt mot Kalvatn og fjella innst i Austefjordområdet

Ruteskildring

Frå garasjen går du ned ein bakke og over ei trebru. Følg skogsvegen inn på eit beite og ta til venstre gjennom ei grind like under kraftlina. Det er skilta til setra på ein av stolpane. Stien opp til setra er svak, men om du er merksam og også ser etter raude og blå pinnar i trea, eller raude malingsflekkar, finn du vegen. Du passerer nokre skilt med namn på undervegs, så då veit du at du er på rett veg. Ved skiltet Setreråsa, skal du ta til høgre oppover lia. Her i frå er den brattaste delen, men også den delen av råsa som er best merka. 

Det kan vere litt vått og sleipt nokre plassar, så hugs gode sko.

Tilkomst og parkering

Frå Volda køyrer du E39 mot Stryn. Like før Eidsnakktunnelen tek du av til Eide og Langenes på Månanesvegen. Følg Månanesvegen knapt 1,2 km. Turen startar ved ein garasje som står like inntil vegen på høgre side. Her er plass til 1-2 bilar. Pass på at du ikkje står i vegen for andre!
Fottur
Blå
Lengde
2,52 km tur/retur
Stigning
311 m
Tidsbruk
1 t ein ve
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
374 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

https://frammr.no/. Buss til Eidsnakktunnelen og gå vidare derifrå

Anna

Frå Eidssætra er det skilta over til Haralddalssætra

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut