English

Eidsheia

Fjord

Kort om turen

Ei bratt turrute på god rås med flott utsyn over øvre Eidsdal heile vegen opp til turposten. Ein svært populær tur både sommar og vinter, også mykje nytta til trim/trening.

Ruteskildring

Start frå rasteplassen på Eide, ved Eide bru. Her er det tilrettelat med stor parkeringsplass og toalett i sommarhalvåret.

Turruta går på grusveg/gamleveg langsmed vatnet, på vestsida, dei fyrste par hundre metrane. Deretter svingar ho vestover ved nokre hyttar og kryssar ei elv/bekk på venstre side (sør) for den øvste hytta. Herifrå slynger råsa seg oppover den bratte lisida heilt opp til turposten 862 moh.

Råsa går på ein slags rygg mellom to elver. Enno er landskapet ope og ein har godt utsyn over bygda frå fyrste steg. Men mindre dyrehald gjer at området no er prega av attgroing.

Det siste stykket opp mot turposten følgjer den gamle telefonlina som vart bygd til Oaldsbygda i 1930-åra, og vi går beint oppover ryggen like ved elva.

Tilkomst og parkering

Du køyrer fv. 63 frå Eidsdal sentrum i retning mot Geiranger. Straks du kjem opp til Eidsvatnet (etter 10 km), svingar du av og parkerer på rasteplassen ved Eide bru, i nordvestenden av Eidsvatnet.

Fottur
Blå
Lengde
1,7 km en vei
Stigning
439 m
Tidsbruk
1 t. opp
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
862 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,7

Offentleg transport

Du kan følgje rutebuss mellom Eidsdal og Geiranger, men det er få avgangar pr. dag. Sjekk på https://frammr.no/

Kart

Turkart for Norddal kommune 1:50:000
Køyreskildring
Print ut