English

Dyrshamrane

Ålesund

Kort om turen

Dyrshamrane er eit fint, men lite kjent område i Ørskog. Her finn du flotte berg og knausar med god utsikt.

Ruteskildring

Følg stien til Høgsvora opp langs elva. Her er det ein del våte parti. Kryss elva etter godt oppgått sti. Fortset etter denne stien heilt til du kjem opp på ryggen til Høgsvora. Her tek du av stien og følgjer ny sti som er godt merka med raude merkepinnar vidare mot Dyrshamrane. Stien går over og ned mellom svaberga før den går vidare over rabbane opp mot berga på Dyrshamrane. Her er det våte parti over nokre mindre myrområde. Oppe er det tørt og fint og mange små knausar. Det høgaste punktet gir utsikt mot Tresfjorden. Vi har valt å legge endepunktet for stien nærmare bygda med utsikt mot Vaksvika. Følg merkepinnane heile vegen. Gå likevel gjerne over heile høgdedraget for variert utsikt i alle retningar.

Tilkomst og parkering

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen, skilta til Vaksvikfjellet. Etter 4 km. kjem du til Vaksvikfjellet camping og svingar til venstre før det som ein gong var Sportskapellet. Her tek vegen mot Solliedsetra av. Dette er ein bomveg. Du kan køyre setervegen til endes til du finn parkeringsplass like forbi Vipphytta.
Fottur
Blå
Lengde
2,75 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
711 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2
Ingen sti 0,75

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps og kontant, 50 kr
Køyreskildring
Print ut