English

Duålia, skitur utenfor preparerte løyper

Gjemnes

Kort om turen

Tur der du kan gå med dei fleste skitypene, men langrennsski er ikkje eit godt alternativ. Svært flott nedfart, opent lende som gjer at du kan leike deg samanhengande i 300 høgdemeter. Sjøl på den svartaste vinteren er det sol på  store deler av turen.

Ruteskildring

Turen startar ved skistadion på Osmarka (Heggem). Ein stor del av ruta er merka med skilt mot Duålia/Duå.

Følg lysløypa i knapt ein kilometer til løypa kryssar skogsbilvegen første gongen. Ta til venstre og følg skogsvegen i om lag ein kilometer (du kan og følge lysløypa fram til der skogsvegen kryssar ho andre gongen). Følg skogsvegen over elva (flombru og gangbru) og nokre hundre meter til du kjem til et vegkryss. Du skal til venstre inn på traktorvegen (bomveg). Denne vegen følger du i godt over ein kilometer. Når du har kome opp bakken og eit par hundre meter til, tek du av vegen til høgre over ei lita trebru over grøfta mot Duålistera. Gå vidare opp Duålisetra, men ta opp til høgre gjennom eit hogstfelt før setervollen. Gå opp til enden av hogstfeltet, sving til høgre gjennom skogen. Så snart du er gjennom skogen (etter 40 - 50 meter), svingar du rett opp til venstre. Herifrå er det samanhengande ope lende med stigning heilt til turmålet. 

Når det flatar ut, ser du ryggen som går i vestleg retning mot toppen. Følg ryggen eit kort stykke, men ikkje gå på nordsida (høgre sida) av ryggen fordi det kan vere ein skavl der. Turmålet er lokalisert i ei lita furu (tolle) på ryggen ca. 150 meter frå toppen (der sommarposten ligg). Ned igjen følger du same rute til du har kome gjennom hogstfeltet ved Duålisetra. I staden for å følge skogvegen vidare nedover, kan du ta til litt vestre og følge myrdraget (ope lende) til du etter kvart møter skogsvegen igjen. 

Tilkomst og parkering

Parkering ved skistadion på Osmarka (Heggem). Det er skilta til skistadioen frå hovudvegen.

Skitur
Rød Fjell
Lengde
4,10 km en vei
Stigning
327 m
Tidsbruk
2 t. 0 min.
Sesong
Vinter, Vår
Lysløype
Deler av turen
Høyeste punkt
478 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 1
Køyreskildring
Print ut