English

Djupvikhaugen på Gurskøya

Herøy

Kort om turen

Djupvikvatnet til Djupvikhaugen er ein lavterskeltur som du kan gå heile året.  God sti merka med refleks. På toppen har du fin utsikt som du kan nyte på kvilebenken ved turkassa eller ved rastebordet like ved der du kan sitte å nyte ein kaffi og Sunnmørsalpane. Går du rundturen finn du ein gammal gapahuk med bålpanne undervegs som du kan bruke.

Du kan gå både med hodelykt og med truger når det er snø. 1. advent kjem juletreet opp og står til over nyttår. 

 

Ruteskildring

Djupvikvatnet / Djupvikhaugen er ein lavterskeltur som også passar som vinterfottur. Frå start går ein på grusveg 1,2 km (kommunal veg), passerar turstien til Huldrehornet og Rjåhorenet/Huldrehornet (her kjem ein ned om ein velje å gå rundturen over Djupvikhaugen. På vegens høgaste punkt (Halsen) startar stien til Djupvikhaugen. Herfrå er det 500 m til stoppen. Du kan velje å gå opp og ned her eller fortsette å gå rundturen.

Stien går på god rås merka med stikker med refleks. Nokre parti kan vere våte/glatte ved mykje nedbør, men her er lagt trebruer på fleire av partia. På toppen har du fin utsikt som du kan nyte på kvilebenken ved turkassa eller ved rastebordet like ved der du kan sitte å nyte ein kaffi og Sunnmørsalpane.

Du kan gå turen som ein rundtur og fortsette vidare etter merka sti å kome ned på vegen igjen, 0,8 km. Denne stien kan vere våt ved mykje nedbør. Her går du forbi ein gammal gapahuk med bålpanne som ein kan nytte på turen. Du kjem inn på stien til Rjåhornet/Huldrehornet siste delen, følg merking nedover til vegen.

Grusvegen vert brøyta og strødd av Herøy Kommune om vinteren og stien opp til Djupvikhaugen blir fort trakka ved snø. Stien opp til Djupvikhaugen er også fin å gå med truge ved snø. Langs Djupvikvatnet er det fleire stadar ein kan gå ned til vatnet. Ved «Pemarka» finn du benk og bålplass du kan nytte på turen.

Vegen langs Djupvikvatnet er ein del av den gamle ferdselsåra mellom Leikanger og Dragsund, og stod ferdig i 1869. Vatnet er ekstra verdifullt grunna at det er eit av få vatn nær busetnad i vår region som det ikkje er etablert bygningar inntil. Området har eit rikt plante-, fugle- og dyreliv og ein kan finne artar av særleg stor forvaltningsinteresse. Det er lang tradisjon med å nytte vatnet til bading om sommaren og som skøyteis i den austlege enden på vinteren. Om lag der stien går opp til Huldrehornet kan du sjå ein stykkestolpe, også kalt rodestein. Frå gamalt av vart desse sett opp for å merke vegstrekningar, og inskripsjonen fortalde kven som hadde ansvar for vedlikehaldet.

Tilkomst og parkering

Følg fv. 654. Frå Fosnavåg tek du av 2. avkøyring til høgre etter Aurvågtunellen, Myrvågvegen. Frå Hareid følg fv. 654 og ta av til venstre første avkøyring etter Kiwi/Pekas, Myrvågvegen. Ca 200 m etter avkøyringa frå hovudvegen er det plass til parkering inn til venstre. Skilta med turparkering.

Fottur
Grønn
Lengde
3,09 km rundtur
Stigning
100 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
96 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,6
Sti 1,49
Køyreskildring
Print ut