English

Dinglavatnet - skitur

Volda

Kort om turen

Dinglavatnet er eit populært turmål, og turen er like fin med ski på beina om vinteren som til fots elles i året. Du følger skogsveg heile vegen frå Håmyra og opp til Dinglavatnet. Frå Dinglavatnet kan du ta turen vidare til Vardehornet eller Melshornet dersom du vil ha ein lenger tur.

Ruteskildring

Start ved bommen ved parkeringsplassen like før Håmyra byggefelt. Følg skogsvegen heilt til Dinglavatnet. Undervegs passerer du Panoramavegen, Prestesætra der det er ein gapahuk, og minnesteinen over dei falne i Røyshyttebakken. Røyshyttebakken var ein av fleire hoppbakkar i Volda. 

Lurer du på om det er skiføre? Du kan finne informasjon på desse facebooksidene: Melshornets venner, Friluftsforeninga Volda og StikkUT! Friluftsforeninga Volda

Tilkomst og parkering

Med bil frå Volda sentrum: E39 retning mot Stryn. I rundkøyring like etter Volda campus arena: Køyr rett fram (Vikebygdvegen), så første veg til venstre (Heltnevegen) og følg denne til du kjem til Raudemyrvegen. Følg Raudemyrvegen ca. 1 km, til du kjem til ein parkeringsplass og skogsveg, like før Håmyra byggefelt.   

Til fots: Frå høgskulen (Berte Kanutte-bygget) følg denne ruta: Opp Røystunvegen - Hegghola - Røyslidvegen - Smalebakken - gangveg mellom Smalebakken 17 og 21. 

Skitur
Blå Fjell
Lengde
3,19 km en vei
Stigning
372 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
542 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Ein kan ta buss (ringruta) frå rutebilstasjonen til Brenslene/Storsteinvegen. Då er det om lag 500 m å gå til start. Ruteinformasjon på frammr.no

Anna

På denne turen kan du bruke dei fleste skityper. Både tur-/fjell-/rando-/telemarkski passar godt. Langrennski egnar seg ikkje like godt.

Kart

norgeskart.no eller Turkart Volda
Køyreskildring
Print ut