English

Dalselva, Rypdal i Tresfjord

Vestnes

Kort om turen

Denne turen langs Dalselva er ein tur dei aller fleste kan gå.  Det er god veg på heile turen.  Flott tur som går på begge sider av elva.  Fint også for dei som er avhengig av rullestol, og dei som vil ta turen med barnevogn.  Dalselva er ein del av Tresfjords største elv, Tressa.  

Ruteskildring

Turen starter ved bedehuset.  Gå bilvegen som tar av til høgre ved bedehuset.  Du tar av til venstre litt etter brua som går over Dalselva.  Deretter går du på ein grusveg som går stort sett paralelt med elva.  Det er eit par grinder du må åpne.  Når du kjem til neste bru over elva går du over den, og tar grusvegen til høgre rett etter brua.  Då går du ein halv kilometer til du kjem til ei turkasse og ein kvilebenk.  Då er turen halvveis.  Du må naturligvis tilbake der du kom frå. Greiast å gå tilbake  same vegen som du kom.  

Tilkomst og parkering

Det er god plass til parkering ved Rypdal bedehus.  Du kjem til Rypdal ved å ta av hovedvegen gjennom bygda der det er skilta med "Øvstedal".  Ikkje langt ifrå Tresfjord kyrkje.  Du køyrer ca. tre kilometer opp gjennom bygda til du kjem til eit kvitmåla bedehus på høgre side.  Parkeringsplassen er på venstre sida.  Ta ein titt på informasjonstavla ved parkeringsplassen.  Parkeringa er gratis.  Trasèen er merka med blå maling.

Fottur
Grønn
Lengde
3,52 km tur/retur
Stigning
32 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
38 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,32
Grus 3,20

Offentleg transport

Det går buss rundt bygda, men det er svært sjeldan

Anna

Mesteparten av grusvegen er nesten ny.  Turposten kan også nås frå Øvstedal.  Det er råd å gå ein rundtur då det er lagt ny grusveg på begge sider av Dalselva

Køyreskildring
Print ut