Ny byvandring i Fosnavåg sentrum, etter at gangbrua Vågsbrua opna, hausten 2020. Passar godt som søndagstur med familien, eller for deg som vil ha ein fin spasertur i urbane, historiske og spennande område.
Du kan gå over kanalen på ytre del av Fosnavåg Hamn, ved å trykke på knappen slik at gangbrua kjem over og hentar deg!
No kan du oppleve den nye bydelen på Vågsholmen med moderne bolighus, gå langs vågen på moderne trekaier, før du går vidare over Urholmen, og gjennom historiske Nørvågen med idylliske småhus. Her kan du sjå på dei gamle båtane som ligg ved Herøy Kystlag på Slippen, besøke Kunstmaskina med utstillingar og kunstbutikk. Du kan oppleve fiskebåtar som kjem for å levere fangsten ved eit moderne fiskemottak, og sjå gamle historiske bygg som ikkje lenger er i bruk. Vidare går turen gjennom byparken i Fosnavåg med benkar og gapahukar, og grillhytte. Turen kan avsluttas i sentrum av Fosnavåg, der spisestader og butikkar ønskar deg velkommen innom.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 2,3 |