English

Bygda Rundt - Fiskå

Vanylven

Kort om turen

Fin tur som går rundt bygda Fiskå

Ruteskildring

Frå ungdomshuset går turen nedover mot bedehuset på Fiskå. Her tek du til høgre og følger gangvegen eit lite stykke før du kryssar hovedvegen og går ned Reitebakken. Ta så til venstre rett etter ei lita bru før omsorgssenteret og følg vegen langs sida av senteret ned mot sjøen. Her finn du ein fin turveg med lys som går langs fjøra. Ved enden av denne turvegen kjem du til ei brygge. Følg brygga og gå opp ved sidan av Coop Marked, ta til venstre her. Følg vegen forbi brannstasjonen og oppover mot høgre. Ta så til venstre ved bukta og gå mot Fagerhol. Når du kjem til hovedvegen tek du til venstre mot sentrum. Her går du på gangvegen til du kjem til Combisenteret. Ta til venstre opp mot Fredsvoll. Når du har kome eit stykke opp følger du skilta til høgre, då kjem du etterkvart inn på Skulevegen igjen, som fører deg tilbake til skulen og ungdomshuset, som var startpunkt for turen.

Tilkomst og parkering

God parkering på ungdomshuset på Fiskå. Frå Vanylvsvegen tek du inn på Fiskåvegen mot Fiskå sentrum. Når du kjem ned til krysset køyrer du inn på gamlevegen. Ta til venstre inn på Skulevegen rett etterpå. Ungdomshuset ligg til høgre eit par hundre meter lenger oppe.
Fottur
Grønn
Lengde
3,12 km rundtur
Stigning
38 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Lysløype
Deler av turen
Høyeste punkt
32 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 3
Køyreskildring
Print ut