English

Buråkjet

Gjemnes

Kort om turen

Turen om Buråkjet er kort og passar godt som både som treningstur og for små føt som vil gå sjølve. Turen går langs tufter etter gamle sommarfjøs. 

Ruteskildring

Frå parkeringa ved Flemsetervegen (FV 291), følg fylkesvegen i retning Fagerlia. Ta av vegen rett etter brua, og følg ekrekanten oppover. Her er turstart merka med "Flemsetervatnet om Buråkjet". Hugs at

Du ska itte trø i graset
Spede spira lyt få stå (Einar Skjæraasen)

I øvre kant av ekra, ta inn på skogsvegen mellom granene. Det er jamn stigning opp skogsvegen, og i toppen kjem du til ei bru over Fagerlibekken (merka med skilt). Gå over brua og hald til høgre. Her flatar det ut.

Etter nokre hundre meter kjem du til første sommarfjøstuft. Her går turen vidare på sti langs det gamle Buråkjet. Stien er merka med kvitt. Alle sommarfjøstuftene ligg på høgre side av stien. Stien kan vere litt fuktig, men det er lagt ut klopper. 

Etter å ha passert restane av det siste sommarfjøset går stien gjennom skogen opp mot høgda, før han går ned til ein hytteveg. Her tek du til høgre, og følgjer vegen ned mot turstien rundt Flemsetervatnet. 

Ta gjerne turen rundt vatnet. For å kome tilbake til bilen, hald til høgre på turstien, gå over Teppingbrua, og ta til høgre på skogsvegen som går ned til Flemsetervegen att. 

Tilkomst og parkering

Turen startar på Flemsetra ved fylkesveg 291, midt mellom Flemma (fylkesveg 666) og Fagerlia (fylkesveg 665). Det er gratis parkering ved fylkesvegen, merka med turparkering (like sørvest for der skogsvegen til Flemsetervatnet går opp. Alternativ parkering, mot avgift, før bommen i toppen av skogsvegen). Turen er skildra frå fylkesvegen.

Fottur
Grønn
Lengde
2 km rundtur
Stigning
125 m
Tidsbruk
45 min
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
250 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1
Sti 1

Offentleg transport

Anna

Buråkjet går etter det gamle skillet mellom inn- og utmark på Flemsetra. Nedanfor Buråkjet låg sommarfjøsa til bruka på Flemsetra på rekkje og rad. Alle sommarfjøstuftene er merkte med namnet til det bruket dei høyrde til. Sjølve ordet "Buråkjet" tyder krøtterveg, og det var her dei dreiv krøttera frå sommarfjøsa og opp i utmarksbeitet.

Kart

Turkart for Kristiansund.
Køyreskildring
Print ut