English

Buhammaren frå Kvitneset

Hareid

Kort om turen

Buhammaren er ein flott tur å gå i alt slags ver. Turen går i storslått natur langs nordveggen av Skolma. Her er det ikkje ikkje høgdemeter som graderer turen som blå, men at stien eit kort parti på ca 100 m kan føles bratt, da det er bratt fjell på eine sida og berg som går rett ned i havet på den andre. Er du glad i havet, liker du denne turen.

Ruteskildring

Når du går fra parkeringsplassen og vidare ned langs vegen, så skiller den seg i to. Følg då den vegen som er til venstre. Den går etterkvar over i rås. følg råsa til du kjem heilt ut på Buhammaren. Råsa er tydeleg. I begynnelsen på veg, så delvis på rås og på oppmurt rås. Om du har med hund er det lurt å ha den i band gjennom der det er bratt berg ned i havet. Men du verden, for en storslått natur. Du kan lukte sjølufta og kjenne korleis den storslåtte naturen berre går rett inn i hjerte. Nyt og god tur. 

Før eller etter turen er det superflott å vandre på Kvitneset og utforske festningsverk og holer som tyskerane bygde opp under andre verdenskrig. På Kvitneset er det og fleire gruer og bålplassa om ein vil grille her, og få med solnedgangen.

OBS! I området ved Kvitneset er der dyr på beite heile året, vi oppmodar difor sterkt om å ha hundar i band også utanom bandtvang-sesongen.

Tilkomst og parkering

Start frå Hareid sentrum og kjør mot Brandal. Fortsett gjennom sentrum og vidare på hovudveg, til vegs ende. ca 6 km. Her er det parkeringsplass til ca 8-10 bilar. Turen startar her.

Fottur
Blå
Lengde
1,96 km en vei
Stigning
103 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
63 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,2
Sti 1,76

Offentleg transport

Nei.

Anna

Kvitneset er svært rik på krigshistorie med alle sine festningsverk og holer i fjella. Ute på Buhammaren kan ein og sjå vrak av ein lastebil og tilhengar frå krigens dagar.

Køyreskildring
Print ut