Dette er ein fin rundtur der ein er innom tre setrar. Turen går på fin grusveg og i løypetrase i slakt terreng. Denne turen er ein fin famlietur då skilnaden i høgde er liten, og passar fint å gå for mindre barn. Det er også muleg å køyre heile eller delar av turen utanom vintersesongen. Då blir traseen trakka og brukt til skiløyper.
Parkering er ved Hornindal skisenter. Her er det ein stor parkeringsplass med parkeringsavgift.