English

Breidfjellet - Trollvassegga - Roppehornet

Ulstein

Kort om turen

Ein fin,forholdsvis lett rundtur med start og slutt i Roppemarka. Ta gjerne turen ein fin sommarkveld og få med deg solnedgang/soloppgang!

Ruteskildring

Turen startar i siste svingen før enden av grusvegen. Gå bort til elva, så finn du sti på elvebaren. Etter ca 250 m skal du krysse elva. Her er det godt merka med vardar. Følg stien vidare. Det er litt myrlendt og stien kan vere litt svak nokre plassar, men ser du deg godt om er det ikkje problem å finne den. Etter dei myrlendte områda, er det tydeleg sti heilt til topps til Breidfjellet. Frå Breidfjellet går du ned tydeleg sti i retning Roppehornet. Når du kjem ned denne sida skal du gå rett fram på Trollvassegga, ikkje følge stien til venstre. Her står nokre eldre merkepinnar som viser kvar du skal gå. Stien er tydeleg bortover Trollvassegga, som er meir ein rygg enn ei egg, og heilt bort til Roppehornet. Her går du med flott utsyn utover havet! Gi deg gjerne litt tid oppå Roppehornet. Dette er ein populær stad å sjå solnedgangen i frå. 

Ned frå Roppehornet følger du same sti som den du kom opp i 150-200m. Ta av på sti til venstre og følg denne ned att til vegen, og så går du vegen til der du starta turen. 

Tilkomst og parkering

Køyr utover gjennom Ulsteinvik sentrum og ta av mot Flø i Osneskrysset. Følg Fløvegen/FV5882 ca 10 km, forbi Flø feriesenter og heilt til du ser turskilt til m.a. Roppehornet. Ta av til høgre og følg denne vegen ca 1,5 km til du kjem til eit kryss. Der skal du ta av til høgre, skilta til Roppehornet. NB! Her kan vere stengt viss det går dyr ute. Om det er ope: Køyr vidare ca 1,5 km til siste svingen. Du finn plass å parkere i svingen ved turstart. Ev. kan du køyre litt vidare og finne plass.

Fottur
Blå
Lengde
5,51 km rundtur
Stigning
350 m
Tidsbruk
1t 30 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
511 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,51
Sti 5

Offentleg transport

Buss til Flø og gå derifrå. Du kan også sykle til start

Kart

norgeskart.no

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps, betale til konto eller kontant (kr. 50 i 2020). Bomvegen er stengt i perioden 1.okt-1.mai
Køyreskildring
Print ut