English

Brandal x3 - Skolma, Signalhornet, Sneldelida

Hareid

Kort om turen

Denne fantastiske rundturen på Brandalsfjella tek deg innom tre toppar som kvar er unike i sitt slag. Du vil her oppleve å gå frå topp til topp i nydeleg urøyvd natur. Turen kan gjennomførast som dagstur, men det er også fint å legge inn ei overnatting i telt eller ulike avstikkarar til utsiktspunkt og badeplassar.

Ruteskildring

Turen startar i Haugen i Ytredalen. Du følgjer skogsbilvegen langs elva. Når du kjem opp i Setrebakkane tek du av frå vegen og følgjer den merka råsa til du er på Setra. Der tek du av til høgre og følgjer den merka råsa i retning nord. Du har no kome opp frå dalen og begynner å få utsikt over fjorden og fjella. Du ser etter kvart Grøthornet til høgre for råsa, og sidan kjem Skolma fram. Etter du har kryssa elva ser du også Signalhornet til venstre. Du held no fram i råsa i retning Skolma. Grøthornvatnet har du på høgre side. Komen litt lenger opp kan du snu deg og få ei flott utsikt mot Ålesund og Nordøyane. På toppen av Skolma har du nydeleg utsikt ut i storhavet. Kanskje tek du turen ut til kanten og kikar rett ned i havet.

Når du skal til Signalhornet går du nokre hundre meter attende mot Grøthornvatnet. Der møter du ei rås som kjem frå Signalhornet. Du tek av til høgre og går ned i dalen før du følgjer råsa opp ei tung mote. Når du har kome opp og det vert litt slakkare, kan du ta til høgre i om lag 50 meter, så følgjer du råsa til toppen av Signalhornet. Der møter du ei overraskande god utsikt og ein flott varde.

Råsa til Sneldelida går i sørvestleg retning frå Signalhornet. Følg råsa til du er i Rjupedalsmunnen. Då går vegen vidare oppover mot Sneldelida. Komen opp på høgda ser du varden og det er å følgje kanten i retning sørvest til du er på Sneldelidhornet.

Vegen ned til Brandal går over Lågheia (utt:Lågeidet). Frå Sneldelidhornet følgjer du ein god kilometer attende til den deler seg. Følg det andre skiljet til høgre. Turen vidare går ned Sneldelidbakkane og over Lågheia, råsa er lett å følgje. Når du kjem så langt ned at du har eit stort plantefelt rett nedanfor, bøyer råsa til høgre. Den følgjer du til du kjem til «Øvste Kvilet». Der tek du til venstre og går ned over Blikhaugane. Når du møter ei kryssande rås tek du til høgre og følger den steinete råsa ned til Legegarden. Derifrå følger du vegen tilbake til der du parkerte bilen.

Tilkomst og parkering

God parkering i Ytredalen, på høgre side av vegen når ein kjem oppover. Obs. på å sikre god framkommeligheit. Turen kan også gåast motsatt veg og då finn du parkering også i Indradalen.
Fottur
Rød
Lengde
10,46 km rundtur
Stigning
743 m
Tidsbruk
4 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
631 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut