English

Botnasanden

Volda

Kort om turen

Turen til Botnasanden er ein sentrumsnær og lett tilgjengeleg tur. Turen er på bilfri grusveg, og det er mange plassar ein kan stoppe for å raste, bade eller berre sitte og nyte naturen. På Botnasanden er det ein fin langgrunn sandstrand der det er fint å bade på sommarstid for store og små. Om du er ein ihuga heilårsbadar kan ein fint ta ein dukkert her på vinteren også! Sjølve turen startar ved badeplassen på Årneset.

Ruteskildring

Start ved parkeringsplassen på Årneset: Gå over ei lita bru og inn på ein grusa turveg. Følg denne til neste bru (ca 250 m), ta til venstre rett etter denne brua. Gå forbi Volda stadion på grus- og gangveg langs Rotevatnet. 

Ved ei grind i austenden, går grusvegen over til asfaltert veg. Den fysiske koda er plassert i postkassa ved grinda, under lokket. Sjølve Botnasanden er litt lenger framme og er eit fint utkikspunkt uover Volda sentrum. 

Tilkomst og parkering

Du kan parkere på offentleg parkeringsplass på Årneset som er starten av turen. Det er også høve til å kjøre heilt fram til Botnasanden og parkere på oppmerka parkeringsplass der. Då kjører du på bilveg på nordsida av Rotevatnet, forbi golfbana og fram til Botnasanden.

Fottur
Grønn
Lengde
2,82 km en vei
Stigning
39 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Anna

Turen startar ved Årneset der du finn både badeplass, sandvolleyballbaner og diskgolf. Ved Volda stadion finn du Stadionparken. Her er det skatepark, utetreningsapparat, klatreområde m.m. Du kan starte turen mange andre plassar enn den ruta vi har omtala her.
Køyreskildring
Print ut