English

Borgernes vei, bak byfjellet Aksla

Ålesund

Kort om turen

Ein fredfylt tur gjennom frodig skog med fuglekvitter og eit mangfold av vekster langs vegen somarstid. Turstart kan vere både i Gangstøvika eller «bak fjellet» i Ålesund sentrum.

Ruteskildring

Heile turen går på tilrettelagt turveg i grus, på baksida av byfjellet Aksla. Det er frodig skog, med eit mangfald av vekster på bakken og eit yrande fuglekvitter om sommaren. Turen går på skyggesida slik at det er svalt og godt på varme sommardagar. Turvegen går tett inn til bratt fjellside opp til Aksla, med industriområde på nedsida mot sjøen. Enkelte stadar er det opningar i skogen slik at ein ser ned mot sjøen og industriområdet med store kaianlegg. Om lag midt på strekningen kan ein ta av og gå på tilrettelagt sti i sikksakk opp opp til byfjellet Aksla, Rundskue og Fjellstua.

Meir om Borgernes vei finn du her:

https://www.aalesunderen.no/post/vei-bak-fjellet

 

Tilkomst og parkering

For start i Gangstøvika, ta av frå Borgundvegen til Gangstøvikvegen og følg denne til turparkering før skarp 180-graderssving ned til industriområde.

Frå Ålesundssida kan ein parkere fleire stadar i Ålesund sentrum og starte turen gjennom Byparken, ved foten av trappene til Fjellstua.

Fottur
Blå
Lengde
3,90 km en vei
Stigning
130 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
45 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut