English

Blåskjerdingen

Haram

Kort om turen

Blåskjerdingen (1061 moh) er det høgaste fjellet i Haram. Den karakteristiske kløfta mellom sør- og nordtoppen, som er synleg rundt om i heile distriket, vart mellom anna nytta som orienteringspunkt for meda fiskarane brukte før i tida. Toppen på sørsida er eit langstrakt platå som består av storblokka ur, medan nordtoppen er spiss. Ein stor steinvarde, med innebygd trimpostkasse, er reist på det sørlege topp-platået. Det er ei storslagen utsikt i alle retningar. For dei ekstra modige, utan høgdeskrekk, går det an å gå over kløfta mellom toppane og over på den åtte meter høgare nordtoppen.

Ruteskildring

Kryss hovudvegen og fortsett oppover langs traktorvegen nokre hundre meter. I krysset med traktorveg (t.h) skal ein ta av og følg råsa, som er merka med raudmåling på pinnar eller steinar, i god stigning oppover. Når ein passerer skoggrensa kjem ein til ein steinvarde. Herifrå er det berre å følgje den tydelege råsa vidare (ver obs på at det er fleire råsalternativ oppover). Så langt som råd er råsa lagt der det er vegetasjon. Når ein startar på ura må ein sjå godt etter dei raude merka. Ver klar over at tidleg i sesongen når det ligg snø så vil ein del av merkinga på steinar ikkje vere synleg. Mot slutten av ura dreiar råsa først mot venstre, så til høgre igjen. Her er det storblokka ur, og det er eit vidt område med ur på topp-platået der varden står. Det er trimpostkasse i varden.

Tilkomst og parkering

Køyr mot Vatne sentrum og følg vidare Vatnevegen, så Vatnedalsvegen, mot Fiksdal (Vestnes). Eit lite stykke forbi busetnaden på Krogsætra kjem ein til ei ferist, og like forbi den er det parkeringsplass på høgre sida med plass til fleire bilar.

Fottur
Rød
Lengde
3,55 km en vei
Stigning
883 m
Tidsbruk
4 t. 0 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
1061 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut