Blåskjerdingen er ein fjelltopp på grensa mellom kommunane Haram og Vestnes. Eit skar deler toppen i to, i nord ein smal topp på 1069 moh og i sør eit langstrakt platå på 1062 moh. Fjellet ligg nært havet og er berre omgjeve av lågare fjell. Dette gjev ei fantastisk utsikt frå toppen. Utsikta både mot Romsdalen, Nordmøre og Sunnmøre er formidabel!
Start frå Reset og gå til venstre for den markerte kanten av Lilleskjerdingen. Rund Lilleskjerdingen og følg høgre side av dalbotnen innover. Stig så opp til eit platå og hald til høgre mot synleg bekkedal. Følg denne oppover og følg ryggen som leiar opp mot toppryggen til Blåskjerdingen. Følg så ryggen til det store, flate toppartiet. Retur same veg. Ver obs på skavl på toppen.