English

Blåfjellstien Moltustranda

Herøy

Kort om turen

Rundturen rundt Blåfjellstien på Moltustranda er ein relativt kort og slakk tur. Den er fin og gå for både små og store og kan vere eit fint utgangspunkt for andre turar i området. 

Ruteskildring

Blåfjellstien på Moltustranda er ein kort liten rundtur. Gå frå parkeringsplassen merka med P-skiltet for turparkering og følg vegen vidare på asfalt det første korte strekket. Når de kjem til skiltet «Kvia» kan de anten følgje vegen mot Blåfjellstien oppover grusvegen eller halde fram på grusvegen til skilta mot Mørkevatnet/Sollia. Uansett kva veg de startar rundturen på så er første del av den på grusveg med svak stigning. Ta av mot Blåfjellstien og følg merkinga. Stien vidare er slakk og tildels flat og går over myrar. Så stien er tidvis svært våt og det er lurt ha godt fottøy. Midt i råsa finn de kassa med turboka så de gjerne må skrive dykk inn i. 

Tilkomst og parkering

Følg Fv 654 mot Fosnavåg og ta av til venstre i krysset  Moltustranda/Fosnavåg mot Moltustranda og følg vegen vidare ca. 5 km på Fv 10 til de kjem til Coop Moltustranda. Ta av til venstre og følg Nygjerdevegen vidare oppover bygda og vidare til fjellet. Frå parkeringa på Kvia/parkeringsplassen merka med P-skiltet for turparkering.

Fottur
Grønn
Lengde
2,53 km rundtur
Stigning
76 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
255 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut