English

Blåfjellet/Sandhornet

Volda

Kort om turen

Kjært fjell har fleire namn. I Dalsbygda kallar ein fjellet Sandhornet, på Folkestad heiter det Blåfjellet. Turen startar ved Litlebøvatnet. Ei forholdsvis kort rute til topps der ein har flott utsikt

Ruteskildring

Turen startar 650 m.o.h. ved Litlebøvatnet. Gå over demninga og sikt deg inn mot toppen. Det er ingen tydeleg sti så du må finne di eiga rute. Terrenget er ganske lettgått og det er fin ur så det er ikkje vanskelig å lage seg ei rute til toppen. Du kan også velge å skråe mot aust dersom du ikke vil gå så bratt, og så dreie mot vest når du kjem opp på høgda. På toppen finn du to vardar, ein med skilt Blåfjellet og ein med skilt Sandhornet. Ta deg tid til å nyte utsikta frå toppen!

Returen går ned langs ryggen mot vest. Litt bratt nedstiging, men stien er tydeleg og god. Når du er nede frå ryggen og det ikkje lenger er sti, siktar du deg inn mot ei tydeleg langsgåande grøft. Det går ein god sti/veg langs denne grøfta og tilbake til start.   

Tilkomst og parkering

Frå Folkestad fergekai tek du første veg til høgre, Dalsfjordvegen. Følg denne i 15 km til du kjem til Dale. Ta bratt opp Dalsbygdvegen (du skal ikkje krysse Dalselva). Etter ca 1.7 km, i ca 230 meters høgde, skal du ta til venstre. Det er skilta Fjellvegen. Så følger du denne heilt til endes. Det er godt med parkering der vegen sluttar.
Fottur
Blå
Lengde
4 km rundtur
Stigning
423 m
Tidsbruk
2 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
1056 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1
Ingen sti 3

Offentleg transport

Nei, men dersom du startar frå Folkestad og går vi Folkestadsætra kan du gå opp stien på vestryggen

Anna

Turen er også fin på vinterstid. Sjå turomtale på morotur.no. Les om Dale kraftverk på wikipedia: https://no.wikipedia.org/wiki/Dale_kraftverk_(Volda)

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut