English

Blåfjellet og Mørkevatnet i Bjørkedalen

Volda

Kort om turen

Stigedalen er ein bratt og trang dal som mange har køyrt gjennom. Her er ein tur der ein får sjå dette dramatiske landskapet frå ei heilt anna side. Sjølv om stien går ganske bratt, er her trygt og lett å kome fram. Mørkevatnet er eit fint lite vatn, og siste etappen bort på Blåfjellet er der lite stigning og gir deg ei storslått utsikt. 

Ruteskildring

Startpunktet for stien er godt skilta frå parkeringsplassen ved riksvegen. Lat deg ikkje skremme av terrenget i starten; gjennom granskogen er der nokre bratte skjerv, men her er trygt og stien er rydda forbi dei vindfelte trea. Når ein kjem gjennom granskogen oppe på Nova, går ein vidare i gammal bjørkeskog i greit terreng. Bregnene er stadvis høge og skjuler stien somme stader, men heile vegen er her merka med raud måling og stikker. Ein får fleire fine utsiktspunkt undervegs oppover Feirdalen, og på Smålødemyra har det nok vore gammal slåttemark. Stien kryssar bekken når ein kjem ut av den gamle bjørkeskogen, og då følger ein bekken bratt oppover til ein kjem til eit myrdrag. Herifrå vekslar det mellom flatare og brattare parti, og siste bakkane opp til vatnet går ein i myrlendte bakkar og på berg. I nordenden av Mørkevatnet er det ein fin plass både å raste og telte.

Frå Mørkevatnet er det relativt flatt og småkupert bort på Blåfjellet. Her er det ein del fjellbjørkeskog, men når ein kjem bort på Blåfjellet er det skoglaust og ei strålande utsikt.    

For dei som ynskjer ein lenger tur, kan ein fortsette opp på Mørkevasshornet og også heilt opp på Løsethornet. Dit er det ikkje merka sti.

Tilkomst og parkering

Turen startar frå Rv651 i Stigedalen,100m nord for Stigedalsvatnet. Enkel og grei parkering på gammal del av riksvegen. God plass og ingen betaling.
Fottur
Blå
Lengde
1 km en vei
Stigning
444 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
585 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut