English

Blåfjellet Moltustranda

Herøy

Kort om turen

Turen til Blåfjellet er slakk i starten og har etter ei jamn stigning mot turmålet. Det er ein relativ kort tur som relativ kort tur og passar for både barn og vaksne.  

Ruteskildring

Frå parkeringa på Kvia/parkeringsplassen merka med P-skiltet for turparkering, følgjer du vegen oppover og innover dalen. Det er asfalt første hundre metrane, så går turen vidare på grusveg. Her er det brøyta veg fram mot krysset like før Klovsteinen og vegen går vidare innover Moltudalen og til Mørkevatnet. Du går vegen frå parkeringa svakt opp mot krysset der Kvilehytta ligg. Her er det råd å kose seg med bøker og spel og du kan nyte lyset og utsikta innefrå- eller utanfrå hytta. Frå bommen ved hytta går turen vidare mot Mørkevatnet først på grusveg, opp ei kort bratt oppstigning før vegen går slakt innover til Mørkevatnet. Det er skilta mot Blåfjellet like før bakketoppen. Ta av mot venstre og fyl råsa/stien oppetter fjellsida der deler av stien har nokre våte myrlende parti. Stien er godt merka med raude pinnar. Etter knappe 250 høgdemeter på ei strekke på 1 km så flatar stien ut. Det er skilta mot Blåfjellet og mot vest kan de skimte skiltet på turmålet og ei raud turpostkasse. 

Det er råd vidare mot Storhanen på eggen, men pass på, det er bratt utfor kantet. Flott ustikt mot Skorpa og Skorpesundet i vest/nordvest. 

 

Tilkomst og parkering

Følg Fv 654 mot Fosnavåg og ta av til venstre i krysset  Moltustranda/Fosnavåg mot Moltustranda og følg vegen vidare ca. 5 km på Fv 10 til de kjem til Coop Moltustranda. Ta av til venstre og følg Nygjerdevegen vidare oppover bygda og vidare til fjellet. Frå parkeringa på Kvia/parkeringsplassen merka med P-skiltet for turparkering.

Fottur
Grønn
Lengde
4,00 km tur/retur
Stigning
275 m
Tidsbruk
1 t. 45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
483 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Grus 1,5
Sti 2
Køyreskildring
Print ut