Flott sykkeltur i lett terreng og med lite biltrafikk. Mange fine plassar å stoppe. Ein passerer Aasentunet på denne turen. Her kan det vere verdt å gjere ein stopp.
Turruta startar ved Volda omsorgssenter. Ein kan enten ta gangvegen på oversida eller mellom bygga, eller sykle ned Gamle Engesetveg og så ta til høgre ut Gamlevegen. I krysset Gamlevegen/Nordalsvegen skal du ta vegen rette fram nedanfor nedste husrekka. Då kjem du inn på gang- og sykkelvegen langs E39. Følg denne til du kjem til ein undergang og ta til venstre rett etter denne og så til høgre på Morkavegen i 250 m. Du kjem då inn på Berknesvegen som du skal følge i 10 km, vidare på Berknesstranda og så på Sørestranda etter kommunegrensa mellom Volda og Ørsta. Denne følger du heilt til Hovdebygda, ca. 9 km. Du skal opp Sjøvegen der vegen deler seg, ein litt bratt bakke på ca. 400 m. Ta så til venstre langs Ytrehovdevegen til du kjem til Indrehovdevegen. Denne følger du forbi Aasentunet og du kjem etter kvart inn på gang- og sykkelvegen langs E39 mot Volda og du følger denne tilbake til start. Turen går stort sett i flatt terreng. Det er likevel nokre bakkar, men dei er ikkje veldig lange.
Turen er skildra med start frå Volda omsorgssenter, men det er mogleg å starte frå alle plassar i Volda sentrum eller frå stadar langs ruta.Dei fleste vil kunne sykle til start. Treng du å parkere kan du gjere det på grusplassen ved Volda vg skule eller i sentrum.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 29,8 |
På Berkneset kan det vere fint å ta ein avstikkar ned til den gamle fergekaia. Her kan det vere fint å bade, fiske eller berre ta ein lite rast. Her finn du også informasjonstavle om Berkneset kystfort. Kystfortet vart bygd opp av tyske okkupasjonstyrkar i 1942 og er eit freda kulturminne