English

Bergehornet

Ørsta

Kort om turen

Det er ein nokså bratt tur, men utan utsatte parti. Vel oppe på toppen får du løn for strevet: utsikta er fantastisk! 

Ruteskildring

Turomtalen her startar nede ved Vartdalsvegen. Gå på grusveg til Fosshola, ca 800 m. Frå parkeringsplassen i Fosshola går du over brua. Stien går opp til venstre like etter du har passert brua. Det er nokre våte parti på stien oppover. Den følger rørgata til ca 500 moh. Då flatar det ut og du skal ta til høgre når du kjem opp til ein varde og ei turkasse. Her er det eit parti utan sti, men følg vardar og eldre raude merke. Det er lettgått terreng så ingen problem å gå utan sti. Etter kvart ser du stien du skal følge til topps. Følg vardar. I siste bratte partiet, deler stien seg fleire plassar. Finn den ruta du sjølv synest er best; alle fører til topps. Toppen er flat og har fantastisk utsikt. Du ser rett ned på Vartdal og du har eit vidt utsyn i alle retningar.

Sidan det er ein nokså bratt tur, er det vanskeleg å anslå tid. Men dei fleste vil nok nå toppen etter 2,5 t. I denne turomtalen er det rekna 2,5 t opp og 2 t ned.

Tilkomst og parkering

Ta av frå E39 på Vartdalsvegen. Frå Ørsta: Like før butikken på Vartdal. Frå Festøya: Like etter butikken. Det er skilta mot skytebane, og du skal køyre nesten til skytebana. Der vegen deler seg i starten, skal du halde til venstre. Etter litt over 1 km passerer du ei bru. Like etter denne går det grusveg opp til kraftverket i Fosshola der stien startar. Du kan enten køyre opp til Fosshola eller parkere nede ved Vartdalsvegen. Det er plass til å parkere ved kraftverket.
Fottur
Rød
Lengde
7,06 km tur/retur
Stigning
990 m
Tidsbruk
4 t 30 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
1024 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,66
Sti 4,8
Ingen sti 0,6

Offentleg transport

Buss til Vartdal og gå derifrå til start: https://frammr.no/

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut