English

Bentebu

Ørsta

Kort om turen

Gapahuken Bentebu ligg vakkert til i fjellsida over Urke. Eit perfekt turmål for ein kort fjelltur eller som rasteplass på veg til Saksa.

Rutebeskrivelse

Frå parkeringa ved Urkeelva går stien opp gjennom skogen. Etter ca 250 meter kjem du til ein grusveg. Ta til høgre her og hald fram på vegen til det går av ein skogsveg/sti til venstre forbi hytte. Stien går no opp mot Leknesdalen. Når du kjem opp på kanten til Leknesdalen får du gapahuken Bentebu på høgre side, eit flott utsiktspunkt.

Adkomst og parkering

Frå vest: E39 til Ørsta, ta av i Ørsta sentrum på FV 655 skilta til Sæbø. Ta ferje frå Sæbø til Leknes (NB sjekk ferjeruta, lenge mellom kvar avgang) Frå Leknes ferjekai ca 1,8 km til Urke. Ta til venstre rett etter Urke landhandel. Parkering etter ca 100 meter. Frå aust: ta av frå FV 60 ca 4 km etter Hellesylt og kjør FV 655 til Urke. Ta til høgre rett etter Urke elva/campingplassen. Turparkering etter ca 100 meter.

Fottur
Blå
Lengde
1,06 km en vei
Stigning
307 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
342 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,3
Sti 0,5

Kart

Sunnmørsalpane, M711 1219 III.
Kjørebeskrivelse
Print ut