English

Vardevegen rundtur

Sande

Kort om turen

Vardevegen er den gamle ferdselsvegen mellom Hallebygda og Larsnes. Dette var den einaste farbare vegen mellom desse to bygdene før nyevegen kom på byrjinga av 1900-talet. Vardevegen var i bruk heilt fram til 1970-talet som snarveg av dei som gikk til fots og skulle inn til Larsnes sentrum. Vardevegen vart opprusta i 2022-23 av Larsnes IL.

Ruteskildring

1. Frå Larsnes fergekai/Sande rådhus: Gå vegen som går på austsida av rådhuset. Før du er komen bakom rådhuset tek du til høgre og Vardevegen går bratt opp gjennom skogen. Når du er komen opp bratta og kjem til eit vegkryss, tek du til høgre og kjem opp til Breidablik/Larsnes skule. Her tek du til venstre går Vardevegen nordover gjennom skogen ut til Halleosen. Litt før Halleosen kjem du til ein gapahuk der det er eit fint utsiktspunkt nede ved sjøkanten. Når du har kryssa brua over Halleosen går du vegen og tek til høgre når du kjem bortpå byggefeltvegen. Gå då vegen til du kjem til Larsnes stadion og gå til høgre ned til stadion og forbi klubbhuset. Her går vegen bratt opp til Breidablik/Larsnes skule, gå då ned på sørsida av skulen, der du finn vegen som går ned til krysset mot rådhuset.

2 . Frå Breidablik/Larsnes skule: Gå ned på sørsida av skulen kor du finn vegen som går ned til krysset mot rådhuset. Der tek du til høgre og fyljer opplysningane over.

3. Frå Larsnes stadion: Gå forbi klubbhuset og opp bakken til Breidablik/Larsnes skule og følg opplysningane derifrå.

OBS! Dersom du har barnevogn eller rullestol må du starte enten på 2. Breidablik/Larsnes skule, eller 3 Larsnes stadion. Du bør gå tur/retur då der er so bratt mellom Larsnes stadion og Breidablik/Larsnes skule og so bratt opp og ned til rådhuset at der ikkje er forsvarleg å gå med barnevogn eller rullestol. Dersom du ønsker å gå turen som rundtur med barnevogn/rullestol kan du gå hovedvegen frå stadion opp til Halleskiftet, ned Smalebakken og opp til Breidablik/Larsnes skule, eller motsett veg.

Tilkomst og parkering

Køyr fv 61 til Larsnes, der er 3 parkeringsmoglegheiter: 1. ved Larsnes fergekai/Sande rådhus, men den er ikkje aktuell dersom du har barnevogn eller rullestol. 2. ved Breidablik/Larsnes skule, eller 3 ved Larsnes stadion i Hallebygda. Frå dei to siste når du Vardevegen med barnevogn og rullestol. 

Fottur
Grønn
Lengde
1,97 km rundtur
Stigning
86 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
43 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,2
Grus 1,75

Offentleg transport

frammr.no

Kart

Turkart Sande kommune, M711 1119 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut