English

Bedringens veg i Valldal

Fjord

Kort om turen

Enkel og fin tur på gruslagt turveg som går langs elva Valldøla i Valldal sentrum (Sylte). Det er fleire rastebenkar undervegs. Kan kombinerast med turvegen Strandpromenaden langs fjorden til Muritunet.

Ruteskildring

Turen startar på Sylte som er namnet på sentrum i Valldal. Gå over Muri bru, som kryssar elva Valldøla. Med ein gong brua er passert, hald til høgre oppover på vestsida av elva, ved bustadblokk og campingplass. Etter omlag 100 meter, ved skogkanten, startar Bedringens veg. Skilta. Følg turvegen langs Valldøla til neste bru over elva, Muribø bru. Her endar Bedringens veg. Ta same veg tilbake. Det er ingen vanskelege eller farlege parti undervegs, men ver merksam på at elva kan ha stor vassføring ved snøsmelting. Vegen går langs campingplass og jordbæråkrar. I raftingsesongen om sommaren kjem det gjerne raftingflåtar nedover elva med latter og hojing.

Turen er svært lett og passar for alle, både funksjonsfriske og funksjonshemma, unge og eldre. Godt og stødig underlag i form av grus. Breidde på trasèen er ca 1,5 meter. Dette er ein "tur-retur" tur. Det er mogleg å gå vidare frå Muribø bru på bilveg (asfalt). 

NB! Turvegen kan brukast heile året, men ver merksam på at det ikkje alltid blir brøyta om vinteren. Det kan difor ligge snø og is i vegen. Ver spesielt merksam om det er kaldt ver og isete føre - då kan det vere glatt og elva går rett nedanfor vegen!

Bedringens veg fekk i 2014 status som helseløype og vart rusta opp med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tilkomst og parkering

Parkering på offentleg parkeringsplass ved servicebygg ved småbåthamna, like ved Muri bru. Offentleg toalett og gatekjøkken i servicebygget. Gratis. Det er også mogleg å parkere andre stadar i sentrum.

Fottur
Grønn
Lengde
1 km en vei
Stigning
20 m
Tidsbruk
20 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
20 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1

Offentleg transport

Buss: Ålesund - Valldal sentrum Åndalsnes - Valldal sentrum (sommarrute)

Anna

For dei med hjul
Turen er eigna for personar i rullestol. Også mogleg for personar som er avhengig av krykker eller rullator. Kan også brukast om vinteren, men er mindre tilgjengeleg ved større snøfall. Vert ikkje brøyta.

Gå vidare på Strandpromenaden
Du kan også gå vidare nedover langs elva mot fjorden, på andre sida av hovudvegen for startpunktet. Dette er Strandpromenaden. Kryss vegen og følg elveosen nedover, forbi Valldal Fjordhotell og vidare utover i strandkanten til Muritunet og badeplassen i Muribugen. Leikeplass ved Muritunet. Strandpromenaden er asfaltert.

Kart

Turkart for Norddal kommune, 1:50 000
Køyreskildring
Print ut