English

Barlia og Skaffarhaugen i Stranda

Stranda

Kort om turen

Frå Stranda stadion går dei ei fin turløype over busetnaden gjennom flott furukledd terreng. Området er statleg sikra som friluftsområde. Turen er småkupert og om lag ein kilometer ein veg. Tur/Retur frå stadion er ca 2 km. Stranda LHL har sett opp ein gapahuk og benkar på eit utsiktspunkt om lag på halvvegen. I vestenden er det ei slette med benkar og det er sett opp ei «sofahuske» under tak med flott utsikt mot fjella.

Ruteskildring

Frå parkeringa går du over stadion med skilta start på turløypa.

Turløypa går først inn i skogen før den svingar og går vestover på oppsida av husa som ligg under Skaffarhaugen. Turløypa er småkupert med litt stigning i starten, underlaget er i nokre områder grusa med relativt fast dekke eller står av skogsbotn og svaberg. Turløypa går gjennom eit område som er statleg sikra som friluftsområde og strekker seg langs ein fjellrygg med to høgdedrag på. På det vestlegaste høgdedraget er det grusa turveg bort til Barlihuken, ein gapahuk som er sett opp av Stranda LHL.

Ved stadion er det eit område med lauvskog, elles er det mykje flott furuskog. Ver merksam på at det det bratt langs heile nordsida av fjellryggen om du utforskar terrenget utanfor turløypa.

Det er mogleg å ta ein avstikkar frå turløypa og gå oppom Skaffarhaugen på sti. På toppen av Skaffarhaugen er det eit flott utkikspunkt nordover mot fjorden. På vestenden av Skaffarhaugen er stien tydeleg men relativt bratt. På austsida er terrenget slakare, men stien er der nokre stader meir utydeleg då det er fleire alternative stiar/trakk som blir brukt.

Tilkomst og parkering

Parkering ved stadion/idrettsområde i Movegen eller på eit disponibelt område omlag midt på vegen Barlia
Fottur
Grønn
Lengde
1,06 km en vei
Stigning
58 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
140 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,5
Sti 0,5

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut