English

Bakkedalen - Gapahuken på Vikefjellet

Volda

Kort om turen

Turen frå Bakkedalen til gapahuken på Vikefjellet er ein lettgått tur som passar  for både store og små, med utruleg fin utsikt når ein kjem oppå Vikefjellet. Bjørke Idrettslag har bygt ein flott gapahuk, der det er mogleg å overnatte både i  hengekøyer og med liggeunderlag på 80 cm. breie sengebriskar,

Ruteskildring

Turen startar ca.100 meter etter vegkrysset og er merka med skilt. Turen er ca. 200-300 meter lenger enn det som står på skiltet. Årsaka til det er omlegging av stien til tørrare terreng etter at skilta vart laga. Litt bratt i starten, men flatar så ut før ein går litt ned att mot Lomsdalen. Etter å ha passert den lisje elva som kjem frå Lomsdalsvatnet, er det litt bratt igjen før det på nytt flatar ut. No får ein ein ei flott utsikt mot indre del av Hjørundfjorden (Storfjorden) og ein går vidare flatt bortover mot gapahuken. Frå gapahuken ser ein både Finnes, Kalnes, Bjørke ,Åkre og delar av Viddal og ein har  eit mektig utsyn mot dei majestetiske fjelltoppane rundt om.

Gapahuken har dører og det er tillaga slik at ein kan overnatte både med og utan hengekøyer.Der er tillaga grillplass med bålpanne og ved finn ein under gapahuken. NB!! Ver forsiktig ved bruk av open eld.

Frå gapahuken kan ei gå vidare oppover mot spektakulære Oddekloven 972 m.o.h  eller ein kan gå bratt sti ned til Bjørke. Sjå omtale annan plass på Morotur.no

Tilkomst og parkering

Når ein kjem til Bjørke tek ein til venstre der det er skilta mot Finnes. Køyr ca. 2,5 km langs fjorden til Finnes og forsett så på bomveg mot Bakkedalen. Kassa for bomvegen er plassert litt oppom øverste huset på Finnes. Kostar kr.45 og kan betalast på SMS eller kontant. Startpunktet for fotturen er til venstre rett etter den første brua i Bakkedalen. Her kan ein parkere på diverse utkøyrsler ved vegen eller ved demninga til inntaket til Vågen Kraftverk. Unngå å sperre for annan trafikk.
Fottur
Grønn
Lengde
1,24 km en vei
Stigning
161 m
Tidsbruk
30-60 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
504 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,24

Betalingsmiddel for bomvei

Bom Bakkedalsvegen : Kr.45 som betalast på SMS eller kontant.
Køyreskildring
Print ut