English

Ausa - Syltedalen

Vanylven

Kort om turen

Kort og grei tur på grusveg for turgåarar i alle aldrar i vakkert kultur- og naturlandskap i Syltedalen. Turen går opp til turpost som ein finn i enden av vegen. Det står skilt mot Budalen og Syltehornet ved starten av turen.

Ruteskildring

Turen går forbi den gamle fjellgarden Ausa. Garden er omkransa av eit fint kulturlandskap. Ein kan sjå murar etter utmarksløder og kalvehus når ein går vidare. Øvre Brekke, eller Ausa på folkemunne, er ein fjellgard der fyrste brukaren er oppført på slutten av 1500-talet. Mange slekter har hatt tilhald på garden, og etter ein brann på 1600-talet låg garden øyde i lang tid med berre sporadisk bruk. Men driftige folk bygde oppatt garden på 1800-talet, og sidan var den busett fram til 70-talet. Garden er no restaurert med den største flid, og med dei vakre bygningane som ramme, kan ein gjerne sitje ei stund og kike mot Slåttelida og Furenakkjen og tenkje seg attende i tid.

Etter å ha kome opp til turposten på enden av vegen kan ein eventuelt fortsetje turen vidare. http://morotur.no/Morotur/Turar/Syltedalen-Syltehornet-Ekremsdalen

 

Tilkomst og parkering

Ta av på Sylte og køyr opp til Syltedalen. Parkering ved den store raude melkebilgarasja i Ausemyrane. Inga avgift. Startpunkt merka med skilt.
Fottur
Grønn
Lengde
1,17 km en vei
Stigning
174 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
274 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2,3

Kart

På tur i Vanylven - kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar
Køyreskildring
Print ut