English

Aursneset

Ulstein

Kort om turen

Turen rundt Aursneset passar fint som treningstur enten du går, joggar, eller vil sykle. Turen passar også for rullestol eller barnevogn. Her går ein på grusveg heile vegen, i flott fjorlandskap, med utsikt mot Haddal,Leikong, Rovdefjorden og holmar og skjær i Eiksund. Ved turmålet er det rastebenk med fin utsikt.

Ruteskildring

Turen byrjar rett ved innslaget til Selvågtunellen på Haddalsida. Du går forbi Håheim, og rundar Aursneset på turen inn mot Selvåg. Turen går på grusveg heile vegen. Det er nokre holer i vegen, og nokre stigningar og krappe svingar. Ein følger grusvegen heile vegen, og skal ikkje ta av frå denne. Turkassa er plassert på ein rasteplass på nedsida av vegen, nedanfor Aursnesskogen, ca 250 meter etter skilting til Nissevegen og Haddalhornet. Om du vil forlenge turen kan du ta av ved turskilt merka Nissevegen. Det er ei rundløype som går på sti gjennom skog og på berg, tidsvis bratt,og kjem ned i Britahaugen i Eiksund, og deretter går på gangveg tilbake og forbi StikkUt turkassa. Fin forlengelse av turen dersom ein ynskjer det. Ein kan også gå vidare innover forbi turkassa på grusveg/gangveg heilt til Eiksund om ein ynskjer det.

Tilkomst og parkering

Frå Volda/Ørsta: Køyr E39 til rundkøyringa i Furene, ta av mot Ulsteinvik og køyr gjennom Eiksundtunnellen (RV653). Like etter Selvågtunnellen tek du av til venstre, der du kan parkere. Frå Hareid/Ulsteinvik/Herøy-området: Køyr mot Volda/Ørsta (RV653) og ta av til høgre rett før Selvågtunellen. Parkeringsplass ved Selvågtunellen, på Haddalssida
Fottur
Grønn
Lengde
3,11 km en vei
Stigning
28 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
44 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 6,33

Offentleg transport

Køyreskildring
Print ut