English

Arskotet

Sande

Kort om turen

Arskotet er eit utsiktspunkt som ligg oppi fjellsida i Haugsbygda, her er god utsikt ut Gurskefjorden og inn mot Gursken. Frå gamalt av var dette ein plass der ein ofte såg ørna sitje og halde utkik over fjorden. (are=ørn, skotte=sjå) No er her tillaga med benk til å sitje på.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går du vegen austover i byggefeltet ca 400 m på asfalt, då kjem du til ein skogsveg og råsa går etter den til vegs ende ca 700 m, ca halvvegs på skogsvegen ligg der ein fin gapahuk på øvresida av vegen, når du er komen til vegenden er der tillaga med rastebord, derifrå går råsa vidare innover i skogen og svingar oppover til Arskotet.

Tilkomst og parkering

Ta av frå fv 61 i Gursken skilta mot Haugsbygda og køyr 4 km på Gurskevegen, ta til høgre skilta mot Vonheim, køyr 1 km og ta til høgre etter gamal skulebygning og parker her. God parkeringsplass på vestsida av den gamle skulebygninga.

Fottur
Grønn
Lengde
1,85 km en vei
Stigning
218 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
219 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,4
Sti 1,46

Anna

På parkeringsplassen står der eit stort kart med rutebeskrivelse på fleire turar i Haugsbygda.

Kart

Turkart Sande kommune, M711 1119 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut