English

Andaneset

Volda

Kort om turen

Turen rundt friluftsområdet på Andaneset er ein kort tur som er lett tilgjengelig frå Volda sentrum. På Andaneset er det fine berg å sole seg på eller fiske i frå eller ein kan sitje på ein av benkane som er plassert i området og nyte det fantastiske fjordlandskapet. Ta gjerne turen også i ruskevèr då dette kan gje deg fine naturopplevingar. 

Ruteskildring

Turstien startar på nedsida av Andanesvegen. Følg skiltinga og den gruslagte turvegen ned mot sjøen. Langs turstien finn du fleire sittebenkar og utsynspunkt. På det lågaste punktet langs turstien ligg eit gamalt badehus. Omtrent 50 meter etter badehuset stoppar turvegen pr dags dato. Du kan velje å gå vidare og fortsette på sti for å få deg ein rundtur, eller snu og gå same veg tilbake. Det står att å bygge nokre meter med turveg slik at vegen blir ei komplett rundløype, men inntil vidare må ein anten nytte stien som ligg der frå før eller følgje turvegen tilbake til parkeringsplassen. 

Heile runda tek omlag 10-15 minutt å gå dersom du ikkje stoppar opp undervegs. Ein fin korttur saman med dei minste som gjev høve til å utforske svaberg og fjøre. Ta gjerne med deg fiskestanga eller badetøyet når du først tek turen til Andaneset.

Tilkomst og parkering

Turstien på Andaneset ligg 1,4 km frå Volda sentrum. Frå 90-gradarssvingen på E39 i Volda sentrum følger du skilting mot Andaneset. Følg vegen til du møter bommen på Andaneset. Her kan du parkere bilen eller sykkelen. Ingen parkeringsavgift.

Fottur
Grønn
Lengde
0,27 km en vei
Stigning
3 m
Tidsbruk
10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
33 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,27

Offentleg transport

Turen er lett tilgjengelig med sykkel frå Volda sentrum.
Køyreskildring
Print ut