English

Amdamsetra

Ålesund

Kort om turen

Fin tur langs seterveg opp til Amdamsetra. Du kan forlenge turen med å gå vidare til Gamle Lisetsetra eller Snaufjellet.

Ruteskildring

Følg setervegen som går opp frå Giskemosaga. Hald til høgre i det første vegdele. Det står skilt der du skal ta av til Amdamsetra. Sjå bildet. Ta av til venstre her og gå eit par hundre meter bort til setra. Turmålet er utsiktspunktet like på nedsida av vegen når du kjem inn på setra. Herifrå er det fin utsikt mot Sjøholt. Fine klatretrær der du kan ta flotte bilde! Amdamsetra er ei nyare seter som vart opparbeidd rundt 1940. Sela ligg side ved side. Det var seterdrift her til ca 1960.

Det går dyr på beite i området i periodar. Ikkje skrem dyra på nokon måte.

 

Tilkomst og parkering

Ta av frå fylkesveg 103 Giskemo på sørsida av brua over Ørskogelva. Veg til Giskemosaga og lunneplass. Skilta mot Lisetsætra m. fl. Parkering ved Giskemosaga.
Fottur
Grønn
Lengde
2 km en vei
Stigning
258 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
347 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3

Offentleg transport

Timeekspress til Valgermo

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut