Turen til Alskleiva er en lett tur i slakt terreng, utan vanskelege parti. Passer fint som tur med familie og de minste, men også veldig fin som ettermiddagstur med en venn eller kjæreste. Det er sittebenkar langs skogsvegen, og oppe på Alskleiva er det fint tilrettelagt med sittebenk og leirplass. Her er og skilt mot turar i fleire retningar.
Turen startar ved parkeringsplassen framme på Holesanden. Du går til venstre, opp langs asfaltert veg til du kjem til krysset, og her tar du av mot venstre på grusveg. På venstre side har du gamle Snipsøyr skule, som i si tid var eit staseleg og viktig bygg. Du går gjennom eit par gardstun, og så går resten av turen på skogsveg. Det finnes ikkje beitedyr her lenger. Her er det skilta med turar til Ulsettua, Korshamna, Kvamstua og Blåtinden. Du finn sittebenkar langs vegen og gode rastemuligheiter, sitteplassar og leirplass når du kjem fram. Turen går i variert lauvskog, med stor planterikdom, og oppe på Alskleiva er det flott utsikt mot fjorden og Vartdalsfjella i søraust, og Snipsøyrvatnet og Hareidsdalen mot nord. Du finn fine utsiktspunkt, leirplass og skilta stiar vidare, om du vil ta turen lenger.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 0,3 |
Grus | 0.8 |