English

Akslatrappa

Molde

Kort om turen

Med sine 500 trappesteg er trappene til Aksla den kortaste av Midsundtrappene. Frå du har kryssa hovudvegen, er det flat sti ca 100 m før trappene begynner. Nokre parti er brattare enn andre, og her bør ein gå i lag med dei minste. Turen eignar seg godt som ein kort kveldstur for å nyte den vakre solnedgangen i øyriket. 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen ved Midsundhallen tar du til venstre på gangvegen på nedsida av fylkesvegen. Du går ca. 800 m langs gangvegen før du kryssar hovuvegen og tek av på stien mot trappene som går mot Aksla. Trappene er lagt naturleg inn i terrenget, stigningsgraden varierer, men har ein samla stigning på 110 m.

Frå Aksla er det og muleg å gå vidare til Akslahorn og vidare til Digergubben og ned Midsundtrappene til Midsund sentrum. Turen  over Akslahorn til Digergubben er meir utfordrande der han går over fjellhyller som er sikra med kjetting og ståltrinn. Det er ikkje anbefalt å ta med seg små barn og hundar til denne turen.

Tilkomst og parkering

Ferje frå Mordalsvågen til Solholmen. Deretter køyrer du til høgre ca. 19 km til Midsundhallen, der du kan parkere gratis. Ein kan også parkere nærmare oppstigninga, men det er få plassar og dei fleste er private.

Fottur
Blå
Lengde
1,39 km en vei
Stigning
101 m
Tidsbruk
1 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
130 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,8
Sti 0,2

Lenke til turskildring

Aksla - Portal Midsund
Køyreskildring
Print ut