English

Æafjellet

Haram

Kort om turen

Turen startar med flatt terreng. Så kjem du til ei lett stigning gjennom skogen før terrenget flatar ut igjen. Siste delen er litt bratt.

Ruteskildring

Frå parkeringa kryssar du vegen og går på grusveg så langt den går. Gå forbi ei utdatert fotballbane på høgre side, forbi ei grillhytte og opp gjennom skogen. Når du kjem ut av skogen, ta til venstre. Eit lite stykke lenger framme kjem du til ein ny skog. Etter den kan du følge stien over myra og opp til toppen av Æafjellet. Det er tydeleg rås heile vegen. Kan vere vått enkelte stadar (særleg over myra). Oppe på toppen er det ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar, og eit panoramaskilt fortel kva du ser. Det er også ein kvilebenk på toppen. 

Tilkomst og parkering

Når ein kjem ut av Nogvafjordtunnelen, ta av til venstre etter busstopp og parker på opparbeidd parkeringsplass.

Fottur
Grønn
Lengde
1,34 km en vei
Stigning
101 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
112 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,5
Sti 0,85

Offentleg transport

Buss, sjå Frammr.no eller bruk Fram sin app.
Køyreskildring
Print ut