English

Åvatnet

Ørsta

Kort om turen

Fin fottur sommar og haust. Som regel litt snø i siste oppstigninga ut mai månad. God rås heile vegen. Godt merka. Nokre våte parti, så bruk gode sko. På varme sommardagar er det mogleg å bade i vatnet.

Ruteskildring

Gå frå parkeringsplassen og til høgre etter første hytta(grå) og nedover, over ei elv og forbi eit lite vatn og ei raude hytte. Vidare oppover langs ei lita elv, krysse den og gå over haugane.  Du ser no «koppen» der Åvatnet ligg.  Ta sikte på ein tydeleg rygg på venstre sida av elvegjølet som kjeme ned frå vatnet.  Råsa har etterkvart vorte tydeleg. I siste oppstigninga er der små vardar til hjelp. Posten er ved osen.

Tilkomst og parkering

Køyr E39 til Nordre Vartdal. Ta av mot Årskog ved Vartdal kyrkje. Frå Årskog følg setrevegen på venstre/nordsida av elva. Bomveg i ca 4 km. Avgift kr 30,- (i 2020}. Kan betalast kontant eller med vipps. Parkering på Høgebakken/Vartdalssætra 411 moh. Stor innegjerda parkeringsplass, men på store utfartsdagar kan den verte full.

Fottur
Grønn
Lengde
1,81 km en vei
Stigning
186 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
568 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,63

Offentleg transport

Nei. Men det er mogleg å ta buss til kyrkja på Nordre Vartdal, men det er 6 km framover dalen frå busstoppet til parkeringa ved Høgebakken/Vartdalssætra 411 moh der turen startar frå.

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant eller med vipps. Kr 30 i 2020.
Køyreskildring
Print ut