Løypa følger vegen over Vaksvikfjellet mot Tresfjord. Kort tur i lett stigning, passar godt for dei minste. Vil du gå litt lenger, så ta turen vidare mot varmestova på Kjersemfjellet.
Løypa er preparet for klassisk skigang. Den startar ved Sportskapellet og går austover langs vegen mot Kjersemfjellet. Etter ca. 1,6 km kjem du til eit kryss. Der går det ei løype ned til høgre mot Grytalisætra, men du skal fortsette rett fram og opp nokre korte bakkar. Ønsker du og forlenge turen kan du fortsette ca. 1,5 km i lett terreng fram mot varmestova på Kjersemfjellet.
Når det er gode snøforhold, vil det også bli køyrd løype frå varmestova og rundt på sørsida av Kjersemvatnet, via Grytalisætra og tilbake til parkeringsplassen på Vaksvikfjellet. Dermed blir det mulig og ta ein rundtur på ca. 9 km.
For den som vil ha minst mulig utforkøyring, er det best å gå runden "mot klokka". Det betyr at du må ta av mot Grytalisætra etter ca. 1,6 km og deretter fortsette runden austover i retning Kjersemvatnet, via varmestova og vestover mot Vaksvikfjellet igjen.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Preparert med tråkkemaskin | 1,8 |