English

Møteplassen frå Tresfjord

Vestnes

Kort om turen

Løypa er preparert for klassisk skigang. Den går i lett terreng frå varmestova og vestover Kjersemfjellet til møteplassen der turkassa er. Kort tur som passar godt for dei minste. Ønsker du ein lengre tur, kan du fortsette mot Vaksvikfjellet. 

Ruteskildring

Frå parkeringa ved varmestova på Kjersemfjellet går løypa i lett terreng vestover mot Vaksvikfjellet. Etter ca. 1,6 km kjem du til "Møteplassen" og der finn du turkasse på venstre side av løypa. Ønsker du ein lengre tur, kan du fortsette ca. 1,8 km vidare ned til parkeringsplassen på Vaksvikfjellet før du snur tilbake. Husk på at du då vil få litt stigningar på returen. Varmestova ved parkeringsplassen er betjent på dagar med stor utfart.

Når det er gode snøforhold, vil det også bli køyrd løype frå varmestua og rundt på sørsida av Kjersemvatnet, via Grytalisætra, og tilbake til parkeringsplassen på Kjersemfjellet. Mellom Grytalisætra og Fremste-elva, er det nokre bakkar som gir god fart i utforkøyringa. For den som ikkje er så glad i fart, er det derfor best og starte runden vestover mot Stikk Ut posten. Ca. 350 mtr. etter posten tek du av ned til venstre og sørover mot Grytalisætra. Derifrå går løypa vidare austover mot Kjersemsætra og tilbake til varmestova. Denne rundturen er ca. 7 km.

Tilkomst og parkering

Ta av frå hovudvegen ved Ridderkroa i Tresfjord, og følg vegen fram gjennom Kjersemdalen til vegs ende. Gratis parkering ved varmestova.
Skitur
Grønn Løype
Lengde
1,60 km en vei
Stigning
14 m
Tidsbruk
35 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
393 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 1,6
Køyreskildring
Print ut