Kort og barnevennlig tur, med fantastisk utsikt mot Vartdalsfjorden og Vartdalsfjella. Langs ruta ligg ein benk som er ein populær rasteplass.
Frå parkeringa fortsett du vidare inn hamnevegen omtrent 600 meter, til du tek av mot høgre inn på Korshamna. Hald fram vidare inn på Åsevegen. Følg grusvegen innover. Etterkvart kjem ein til eit privat tun, her er det tilrettelagt med sti ned til venstre. Unntaksvis kan dei som av ulike grunnar (t.d. barnevogn) ikkje kan ta seg fram på den tilrettelagte stien, kan passere gjennom tunet. Hald fram på stien til du når målet ved gamleåsen.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 1,4 |
Grus | 0,9 |
Sti | 0,2 |