English

Åsbøsnytå (til fots)

Surnadal

Kort om turen

Det er få gonger ein får så godt betalt for innsatsen sin som når ein tek ein tur opp lia til Åsbøsnytå.  Turen opp er godt overkommeleg for dei fleste, og utsikten frå toppen er formidabel.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen følgjer du merka rute opp mot toppen av Åsbøsnytå. Du går først etter skogsveg, men tek etter ei stund av frå denne og inn på ein sti på øversida av skogsvegen. Det står ein benk på nersida av skogsvegen like før du tek av inn på stien. Stien er for øvrig ganske tydeleg, og derfor lett å følgje heilt fram. Den går delvis over myr, så bruk fottøy som tåler vått terreng. Berre ein plass, etter at du har kome ut av skogen, deler stien seg. Du går da vidare mot Snytå i skilta retning mot venstre.  

Tilkomst og parkering

Køyr innover Todalsvegen til du har passert heimane på Åsbøen. Etter ca. 4 km frå Todalskrysset, før du kjem inn til Nordvik, skrår det ein skogsveg oppover på øversida av vegen. Den er lett å kjenne igjen på den flotta jarngrinda som er godt synleg nede frå vegen. Køyr oppover denne vegen til du kjem til ein romsleg parkerings-/lunningsplass. Her sett du frå deg bilen, og herifrå er turen merka. Dei første skilta står litt ovafor parkeringsplassen.

Fottur
Blå
Lengde
2,85 km en vei
Stigning
441 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
619 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ukjent

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Anna

Det er kyr på beite i området både der stien går og der du parkerer. Ver nøye med lukking av grinda når du køyrer opp mot parkeringsplassen. All ferdsel og parkering er som vanleg på eige ansvar.

Kart

Friluftskart for Surnadal
Køyreskildring
Print ut