English

Åmskaret (450 moh) frå Åmås

Ørsta

Kort om turen

Turen til Åmskaret (450 moh) frå Åmås er relativt kort, har jamn stigning med lettare parti. Passar for både yngre og eldre. Storslegen utsikt.

Ruteskildring

Frå parkeringa så starter ein ved ca 90 moh. Følg grusveg omlag 1 km til fyrste merke for merka rås, her kan ein gå i fin rås gjennom skogen og ein kjem ut att rett ved enden av grusvegen.Råsa i skogen er m.a brukt til postar og orienteringsutflukter frå Åmås skule og Dalane barnehage.

For ein kortare tur kan bilen parkerast i enden av bomvegen, og gå siste skogsetappe til Åmskaret.

Tilkomst og parkering

Parkering i parkeringslomme ved fotballbana på Åmås.

Fottur
Blå
Lengde
2,75 km en vei
Stigning
423 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
524 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,4
Sti 1,2

Offentleg transport

https://www.frammr.no/ Buss frå Ørsta som går i retning Åmdal/Sæbø eller Follestaddal, gå av ved Åmås, Høgebrua, eller ved Legene. Bomvegen er rett i bakkant av Legene byggefelt og Åmdal IL klubbhus ved fotballbaner på Legene.

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant og Vipps
Køyreskildring
Print ut