Turen frå parkeringsplassen på Ørsta skisenter til Åmskaret går i flotte preppa løyper for både klassisk og skøyting. Tur/retur omlag 12km. Slak jamn stigning utover til Åmskaret, der du har flott utsikt mot Ørsta.
Parker ved skisenteret, og følg skilting mot Åmskaret. Følg lysløypa for langrenn, til du ser skilting mot Åmskaret. Skisporet deler seg når du nærmar deg Åmskaret, men du kjem fram til posten uansett kva løype du velger.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Preparert med tråkkemaskin | 10 |