English

Ytste Skotet

Fjord

Kort om turen

Ytste Skotet er ein veglaus gard i Fjord kommune i Møre og Romsdal, heilt i randsona til Verdensarvområdet.

Ruteskildring

Den lettaste og mest nytta tilkomsten er med båt frå Dyrkorn. Sommarstid er det ope på Yste Skotet pog også mogleg å tinge båtskyss over fjorden. Opningstider for sesongen og kontaktinformasjon finn du på https://www.storfjordensvenner.no/ .

Etter båtturen må du gå ein bratt sti opp til garden. Dei fleste treng rundt ein halv time på veg opp till 225 moh. Stien er grei å gå, ingen luftige plassar for folk med høgdeskrekk!

Ein annan tilkomst er over fjellet frå Ramstaddal i Sykkylven. dette er ein flott overgangstur som tek omlag 3 timar. Mange av dei som kjem, går over fjellet eine vegen og tek båt attende til Ramstaddal den andre! Dette krev god logistikk og planleggng, men er ein veldig fin "rundtur".

Tilkomst og parkering

Dyrkorn

Fottur
Blå
Stigning
221 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Sommer
Høyeste punkt
222 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2
Køyreskildring
Print ut