English

Ytre Strand til demningen i Brandal

Vanylven

Kort om turen

Variert tur som delvis går på veg, og delvis på grusveg. Relativt bratt oppstiging frå Nordstranda og luftig forbi Tindane, før det slakar ut med lett terreng til demningen ved Børevatnet i Brandal. Mesteparten av turen går langs ryggar og det er ope og tørt terreng. 

Ruteskildring

Dette er ein meir utfordrande tur frå Nordstranda til demningen/bomvegen i Brandal enn den vanlegare Brandalsråsa (rute 7+9). Startpunktet (ev. endepunkt) er på Ytre Strand og merka med skilt ved fylkesveg 2. Tek du denne turen får du med både den bratte oppstiginga frå sørsida og den flotte utsikta over Vanylvsfjorden og bygdene rundt. Frå Nyklen har du over 180 graders utsikt over Fiskå frå Lilsjeeide til Hundsnes. Frå Storehornet har du utsikt til fjella både i Nordfjord og den sørlegast delen av Sunnmøre + Stadt og øyane nord for Vanylvsgapet. Frå Storehornet går du på toppen av ryggen med stupet på ned mot Støylsvatnet på eine sida, så der bør ein syne varsemd. Frå fjellryggen går råsa ned forbi Haugevatnet og rundar på nordsida av Solihøgda og endar på anleggsvegen etter kraftverksutbygginga på slutten av 1940-talet. Denne vegen fylgjer du fram til bomvegen frå Brandal, med unntak av dei siste hundremeterane der vegen går på botnen av Børevatnet, der er det rås i terrenget. Demningen i Brandal. 

Frå Nordstranda fyllgjer ein fyrst ein gards-/anleggsveg laga i samband med bygging av eit privat småkraftverk. Når vi forlet vegen, kan ein velje om ein vil fylgje den gamle støylsvegen eller den nyare råsa som folk og dyr har laga etter at at det blei slutt med storfe på fjellet. GPS-sporet går ein del i den gamle stølsvegen og ein del i den nyare råsa. Dette er eit kort og nokså bratt parti av turen. Etter dette kjem det skiftevis med flatare og brattar delar av råsa før ein når toppen på Storehornet. Så går det slakt nedover langs ryggen før det går litt brattare nedover forbi Haugevatnet, og så slakare rundt Solihornet før ein kjem ned på anleggsvegen mot Brandal. 

Tilkomst og parkering

Ytre Strand. Merka med skilt. Ved demningen i Brandal er det bra med parkeringsplassar, men på Ytre Strand er det vanskelegare. Det kan vere plass til eit par bilar i samband med eit småkraftverk, elles må det parkerast i gardstun. Avtal med grunneigar.
Fottur
Rød
Lengde
7,30 km en vei
Stigning
672 m
Tidsbruk
3 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
679 moh
Merking
Både skiltet og merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2
Sti 5

Kart

Turkart for Vanylven

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant
Køyreskildring
Print ut